søndag 8. desember 2013

Takk!

 

Takk igjen til alle som kom, takk for fin musikk til Yngvild og Jon, takk til Folk og Røvere, og takk til alle som kjøpte magasinet!

onsdag 4. desember 2013

No kan du kjøpe magasinet!




Ved å trykke på knappen over kan du kjøpe Opptur via PayPal. Eitt eksemplar kostar 70 kroner, og to eksemplar kostar 120 kroner. Om du ikkje vil bruke PayPal kan du sende e-post til oppturmagasin(at)gmail.com, så avtalar vi med vanlig bankoverføring.

God jul!

Alt godt,
Marta og Kamilla.

PS: Du kan óg kjøpe direkte av oss, om du ikkje treng det tilsendt i posten. Gi oss ein lyd, så ordnar vi det med bankoverføring, og du får magasinet når vi treffast.


tirsdag 19. november 2013

Sleppefest 8. desember!



Hjarteleg velkommen til sleppefest søndag 8. desember på Folk og Røvere i Skostredet klokka 13 - 14! Alle som kjem får eit lodd og det vil bli litt underhaldning og loddtrekning. Det blir enkel servering med jordklodekake, og sjølvsagt moglegheit til å kjøpe magasinet! Litt å drikke kan ein og kjøpe der for dei som ønskjer det. Her er hendinga på Facebook. Håpar å sjå deg der!


tirsdag 5. november 2013

I hus

Magasina har komme i hus! Takk for tålmodigheita. No gjenstår ein aldri så liten sleppefest og så vil det vere til salgs her på Internett og etter planen eit par plassar rundt om kring. Invitasjon til fest og meir informasjon om salg er rundt hjørnet. 

onsdag 2. oktober 2013

Prøvetrykk!


Det har tatt litt tid, men no skjer det. Magasinet er komt frå prøvetrykk, og det ser lovande ut. Vi bestiller ein haug, og snart vil du kunne kjøpe og bla i eit! Det blir artikkel om surfing, tips om Lisboa og San Francisco, tekstar om å reise, fotoserie frå Budapest, dikt, illustrasjonar, og meir foto og anna fint. 

mandag 22. juli 2013

Det nærmar seg


Alle bidrag er komen inn. Trykkeri er funne. Ord fell på plass. Bilete fell på plass. Sidene fell på plass. Det går framover, og om ikkje så lenge vil heile magasinet felle på plass og bli ferdig! Her er ein liten video i mellomtida, for å komme i reisestemning. Håpar sommaren din er fin!

PS: Du kan sjå videoen i betre kvalitet her.